Gå til hovedinnhold

Digitoll og AES

Andrea Riser avatar
Skrevet av Andrea Riser
Oppdatert for over et år siden

Det har blitt beslutta og utsette fristen for utfasing av direktekøyringsordninga. Vidare i denne artikkelen finn dykk også litt info om AES.

AES – Kva og kvifor ?

  • Automated Export System – er EU sitt nye eksportsystem.

  • Sverige tok i bruk AES frå 1.oktober i år.

  • Alle eksportdeklarasjonar frå Sverige må leverast i AES etter 2.desember.

  • Betyr at UGE, og UNU vert utfasa frå same tidspunkt.

  • Krav til gyldig EORI nummer på transportør/Carrier for å få grønt lys på grensa.

  • Dersom EORI nummer ikkje er gyldig, vil AES svare at det skal vere manuell behandling på grensa, altså raudt lys. Ankomstregistreringa må utførast i ekspedisjonen.

Grensesnittet mellom AES og Digitoll medfører at dei fleste transportørar slepp og stoppe på grensa.

FØR transporten sin ankomst til utførselstollkontoret

  • Oppgi referansen til AES-eksporten på samme måte som ein opppgir ref til ECS eller UGE eksport på house i Digitoll

  • Digitoll gjer eit oppslag mot AES for å få svar på om deklarasjonen er gyldig > at den er frigjort for utførsel. Dersom deklarasjonen ikkje er gyldig vil dette bli formidla ved ei feilvalideringsmelding til innsendar.

NÅR transporten kjem til utførselstollkontoret

  • Ankomst for transport, og forsendelsar/house vert registrert som i dag via skiltgjenkjenningskamera, pad, eller manuelt i ekspedisjonen.

  • Ankomstregistreringa fører til at Digitoll sender melding om ankomst til AES.

  • AES svarar tilbake om eksporten kan klarerast automatisk ( = grønt lys) eller om den må behandlast manuelt ( = raudt lys)

Når transporten forlet utførselstollkontoret > Sender Digitoll bekreftelse på utførsel til AES.

Spørsmål?

Kontakt oss gjerne på mail: [email protected]

Svarte dette på spørsmålet?